Åpen hall og ungdomsklubb

Kategori: IDRETT

Speletider

fredag, 02. februar
Idrettshallen: 19:00 - 22:00
poster

Kulturnatt Etne

Kulturnatt byr på matkultur, hobbyhandtverk, strikk i vei, skapande hender, kulturquiz, syng meg heim med Atle Hansen og kulturhistorisk vandring, for å nemna noko. Fullt program kan du snart lesa her: 🙂

Kulturnatt Etne er ein stor kulturdugnad ved Etnesjøen den første helga i februar kvart år. Bak tiltaket står kommune, bedrifter, lag, Skakke og ikkje minst engasjerte einskildpersonar.

Kulturnatt har også mykje å by på for born og ungdom:
11.00 –                Marianne Øverland les frå Himmelspringaren av Sissel Horndal
11.30 – 13.30      Open dag i hallen
13.00 – 14.00      Lettlese, løye og littegrann skummelt ved Atle Hansen
13.30 – 14.30      Barnedisko t.o.m. 3. klasse
14.30 – 15.30      Barnedisko 4. – 6. klasse
15.00 – 17.00      Klatring
17.00 –                Skulekorpset spelar
17.30 –                Ung kultur: Ungdomskor, Sal og Scene, Etne Kulturskule

Kategori: DIVERSE

Speletider

lørdag, 03. februar
HEILE HUSET: 11:00 - 23:59
poster

SKAKKELAN

Vinterferien 2018 blir SKAKKELAN arrangert på Skakkesenteret. Dette er eit LAN-party for alle gamere som går i 7.klasse og oppover. Det blir konkurransar, leikar og liknande der du kan vinne premiar. I billettprisen er det inkludert 1 måltid.

Praktisk info: Dette er eit alkoholfritt arrangement. Er du under 16 år, må du ha samtykke frå foresatte. Skjema finn du her: Samtykkeskjema

Kategori: DIVERSE

Speletider

lørdag, 17. februar
SkakkeLAN: 10:00 - 10:00

Klassisk konsert med Vindafjord Etne barokk ensemble

Kategori: KONSERT

Speletider

søndag, 11. mars
KINOSALEN: 18:00 - 19:15
poster

Bjerga on Ice

Rune Bjerga med heilt nytt stand up-show.

Ein mann, ein mikrofon.

Dørene opnar kl. 18.00. Pubkveld etter showet.

Kategori: Standup

Speletider

lørdag, 07. april
KINOSALEN: 19:00 - 20:30
poster

PÅ LOKALET

Kanskje var du ung den gongen, då krigen akkurat var over, kanskje var du ung i eit av tiåra som kom etter. Kanskje har du dine eigne minne frå ein laurdagskveld med dans og musikk, der kinna blussa raude av både haustvarmen og flørten. Historien i PÅ LOKALET startar etter krigen, før ensemblet reiser gjennom både tid og stil heile vegen fram til 1987. Forestillinga blir vist «på lokalet», altså i Storsalen (for mange burde det ha vore på Ljoshall), og det er 140 plassar.

PÅ LOKALET av Arne Fagerholt, etter idé av Bodil Kvamme. Koreografi/regi: Arne Fagerholt. Kostymedesign/scenografi: Dordi Strøm. Maske/sminke: Live Brændmo Søreide. Musikalsk tilrettelegging: Arne Fagerholt og Harald Dahlstrøm. Dramaturg: Solrun Toft Iversen. Lysdesign: Krystian Myska.

Medverkande: Vilde Viktoria Madsen, Anne Guri Tvedt, Christer Tornell, Erlend Auestad Danielsen, Idun Losnegård, Joakim Thrane og Åse Marie Eide Rannestad. Produsert av Sogn og Fjordane Teater.

Kategori: Teater og danseforestilling

Speletider

lørdag, 14. april
Storsalen: 19:00 - 20:00