Selskap og mottaking

Skakkesenteret har lang tradisjon med å skapa den gode festen og den gode maten. Me har mange års erfaring med å arrangere julebord, ta hand om bryllaup, bursdagsfeiringar, konfirmasjonar og alle andre typar selskap

Små selskap får plass i kaféen, den er nå pussa opp og er lys og triveleg

Skal du invitera til stort bryllaup bør du vurdere å bruke storsalen vår. Den er stor og tom, men eit kjempegodt utgangspunkt for å skape det miljøet, dei omgivnadene du ønskjer. Her er de berre å sleppa kreativiteten laus! Og fin parkett å dansa på. For mindre arrangement kan storsalen delast opp i mindre salar

Dersom du ønskjer å kome til duk og dekka bord er det mogleg. Då tingar du «full pakke» og huset tar seg av alt. Eller du kan leige lokale og lage din eigen fest

ninaogkristian - 316

«Foto: Meling Media (www.melingmedia.no) – Interiør og dekor: Interiørstylist Grete Helgesen (www.gretehelgesen.no

Storsalen
Den er 375m2 stor og kan delast inn i mindre deler. Storsalen vert nytta til bryllaup, dansefestar og matsal for store arrangement. Den ligg i den gamle delen av huset

Kaféen
Møte-/festlokale med tilstøytande kjøken. Den ligg i den gamle delen, og er nå pussa opp

Kjøken
Storkjøken med god kapasitet for store tilskipingarfoajeen2Foajeen
Foajeen er sjølve hjarte i Skakkesenteret. Når det er store arrangement på huset er foajeen ein flott arena å ta imot folk. Foajeen er tilgjengeleg for utleige dersom det ikkje er andre arrangement på huset

Amfiet
Eit ope amfi midt i foajeen med sitte og tumleplass til store og små. Det eignar seg godt for små konsertar og foredrag, og akustisk fungerer amfiet særs godt

Galleriet
Eit lite galleri i tilknyting til vestibyle. Lyst og triveleg med flyttbare vegger og glassmonter

Mat
Kjøkenet kan tilby alle typar servering til ulike arrangment. Frokost, varm og kald lunsj, kvelds, smørbrød og påsmurte baguettar, pausemat, middag, buffet og trerettars, juice og frukt, kaffi, te og kaker

Ta kontakt for pris på servering

Prisar