Kurs og konferanse

Skakkesenteret kan ta imot alle typar grupper til ulike arrangement både dag og kveld, hverdag og helg som kurs og konferanse, selskap, kulturarrangement og konsertar

For store grupper er det kinosalen, storstova vår, som er best eigna med 339 sete i fast amfi. Litlesalen er populær og svært mykje nytta til kurs og konferansar. Der er det plass til 90 stk. Både kinosalen og litlesalen har topp moderne fasilitetar for lys, lyd og bilde

Om nokon ønskjer eit lokale med flatt golv og vanleg bordoppsett så er kafeterian eit fint lokale med plass til ca 50 stk. For større arrangement har vi storsalen som og kan delast inn i mindre deler. Den vert mykje nytta til bryllaup, dansefestar og matsal for store arrangement

Me kan også tilby små grupperom og møterom

Skakkesenteret har fleire gonger gjennomført julebord og servert rundt 800 personar buffet og tre rettarsmiddag i Skakkehallen, sjå meir info her for større arrangement

MAT

Kjøkenet kan tilby alle typar servering til ulike arrangment. Frokost, varm og kald lunsj, kvelds, smørbrød og påsmurte baguettar, pausemat, middag, buffet og trerettars, juice og frukt, kaffi, te og kaker

Ta kontakt for pris på servering

LOKALE

Kinosalen
Renovert (restaurert) i 2011 og har fått nytt golvbelegg og nye stolar. Lysriggen er oppgradert og det er bygt nytt maskinrom for digital kinodrift. Kinosalen er ein kino-, teater og konsertsal. Den vert også mykje nytta som møte-/konferansesal og som øvingslokale. Kapasitet: 339 sete i fast amfi. Kinosalen ligg i den gamle delen av bygget. Det er eit eget bacstage område i umiddelbar nærleik med sminkegarderobe, og elles vert garderobeanlegget i den gamle delen brukt ved store oppsetjingar

Storsalen
Den er 375m2 stor og kan delast inn i mindre deler. Storsalen vert nytta til bryllaup, dansefestar og matsal for store arrangement. Den ligg i den gamle delen av huset

Kaféen
Møte-/festlokale med tilstøytande kjøken. Den ligg i den gamle delen, og er nå pussa opp

Kjøken
Storkjøken med god kapasitet for store tilskipingar

Resepsjon og kiosk
Resepsjonen og kiosken er open frå 08.00-22.00 kvardager, 11.00-15.00 laurdager, og 16.00-22.00 søndager. Den er elles også open i samband med ulike framsyningar

Foajeen
Dette er sjølve hjarta i huset. Her møtes folk som er på veg til og frå aktivitetar. Ein triveleg plass å møtast før førestellingar. Her er det kiosk og kafe med billettsal til alle tilskipingar på huset

Amfiet
Eit ope amfi midt i foajeen med sitte og tumleplass til store og små. Blir brukt til konsertar, informasjonsmøter og er ein triveleg plass å sitje og ete for elevar og andre

Galleriet
Eit lite galleri i tilknyting til vestibyle. Lyst og triveleg med flyttbare vegger og glassmonter

Møterom 1
Kapasitet til 8 -10 stk

Møterom 
Kapasitet 6 stk

Litlesalen
Litlesalen er ein kino-, kurs og konferansesal. Kan og nyttast til små konsertar og framsyningar. Kapasitet: 90 sete i fast amfi. Den har topp moderne fasilitetar for lys, lyd og bilde. Litlesalen ligg i underetasjen i den nye delen av bygget

Idrettshall
Skakkehallen har stor kapasitet og kan delast i 4 mindre hallar. Mykje brukt til store idrettsarrangement og turneringar, messer og utstillingar, kulturarrangement, store markeringar og konsertar. Storleik: 1800 m2. Hallen har 2 garderobar for gutar og 2 for jenter, sjå meir info her

Styrkerom
Ligg i tilknyting til idrettshallen

Prisar