Ein kveld med Interiørrådet
Podkasten Interiørrådet med Tone Kroken og Benedicte Wessel-Holst har på kort tid blitt favoritten til mange nordmenn når ein treng tips og råd om heim og oppussing. Saman er dei kjente stemmer i interiørverda, med ein lidenskap for alt som er vakkert, funksjonelt, budsjettvennleg og personleg.
Tone er ein av dei mest respekterte interiørpersonlighetane i Noreg, med lang erfaring som stylist og interiørarkitekt for mange norske kjendisar, medan Benedicte har ein solid bakgrunn som journalist med fokus på relasjonar, psykisk helse og selvfølgeleg interiør. Nå tar dei det populære podkastshowet sitt til scenen, med «Ein kveld med Interiørrådet».
Interiørrådet byr på ærlege samtalar, djupe refleksjonar, og kanskje nokre morosame overraskelsar. Her blir det gode råd, levande diskusjonar og ein unik mulighet til å få svar på dine eigne interiørspørsmål, rett fra scenen. Hvis du har lyst til å dykka djupare inn i interiørets psykologi og få inspirasjon til din eigen heim, er dette showet du ikkje vil gå glipp av. Me lovar ein kveld med innsikt, inspirasjon, latter og kva som skal til for å skapa dei mest spennande heimane.
Etter showet på scenen, flyttar me oss opp i foajeen, der det blir servering av smårettar og open bar.