poster

Havfolket

Havfolket er ei nostalgisk, vittig og ellevill hyllest til livet langs norskekysten, og til folket som har klamra seg fast på øyar, holmar og i fiskevær i uminnelege tider. Kinodokumentaren er sett saman av unike arkivskattar frå nesten hundre år, og mellom forteljarane finn vi nokre av dei beste stemmene langs kysten, som Halvdan Sivertsen, Trude Drevland og Pål «Moddi» Lue.
Resultatet er ein storslått film som skildrar ein kystkultur som svært mange av oss er forankra i, og som alle har eit forhold til. Knapt nokon nordmann er uberørt av havet, anten ein forbind det med fiske og fangst, ferjekøar og strenge billettørar, knallharde vindkast og stengde bruer, eller sankthansfeiring og ungdomsflørt på holmar og skjer. Havfolket rører innom viktige hendingar, som starten på oljeeventyret og nedbrenninga og gjenoppbygginga av Finnmark – men det er menneska og kvardagslivet langs kysten som er sjølve essensen i filmen

Aldersgrense: Tillatt for alle

Speletider

fredag, 23. januar
Kinosalen: 19:30 - 21:08
poster

Primate

Noko er gale med Ben.

Lucy og venene hennar reiser heim til Hawaii på ferie, og sidan faren til Lucy er på reise, har dei det store huset heilt for seg sjølve. Hjå dei bur òg den tamme sjimpansen Ben, som har vore ein del av familien i mange år. Ei natt blir Ben biten av eit virusinfisert dyr, og den avslappande helgeturen tek ei uhyggjeleg vending.

Aldersgrense: 15 år

Speletider

fredag, 23. januar
Litlesalen: 20:00 - 21:49
søndag, 25. januar
Litlesalen: 20:00 - 21:49
poster

Kjæledyrekspressen

FØRPREMIERE
Med Truls Svendsen og Eyvind Hellstrøm i rollene som den gode og den vonde!

Ta med heile familien på årets mest elleville togtur! Ein gjeng søte kjæledyr, eit togkupp og masse action – tut tuuut! Fest setebeltet – dette blir ein tur du seint vil gløyme.

Ein gjeng kjæledyr blir fanga om bord på eit kapra hurtigtog som rasar av garde i full fart. No må dei stoppe Hans, ein ondskapsfull grevling som er ute etter hemn. Sjølv om eit krasj verkar uunngåeleg, er vaskebjørnen Falken både lur og oppfinnsam – og klar til å gjere alt for å redde alle om bord.

KJÆLEDYREKSPRESSEN er ein actionfylt familiefilm, full av humor og spenning.
Ordinær premieredato: 23.01.2026

Aldersgrense: 6 år

Speletider

lørdag, 24. januar
Kinosalen: 12:00 - 13:59
søndag, 25. januar
Kinosalen: 17:00 - 18:59
mandag, 26. januar
Litlesalen: 17:30 - 19:29
poster

Flåklypa – Fra Paris til pyramidene

Ei uprøvd oppfinning, ein nysgjerrig Solan og ein topptrimma plenklippar på ville vegar fører til at ordføraren bannlyser trioen frå Flåklypa. Solan, Ludvig og Reodor må difor vinne det spektakulære rallyet frå Paris til pyramidane – denne sigeren er den einaste måten å kome heim att på.
Il Tempo Gigante skal ut på vegen, og det blir full gass, høg puls og sjarmerande moro når trioen forlèt den trygge bygda og legg ut i den store verda.

Aldersgrense: Alle

Speletider

lørdag, 24. januar
Litlesalen: 12:30 - 14:11
poster

Rutete Ninja 3

Asgeir er oppteken av tenåringslivet og har ikkje så mykje tid til Rutete Ninja og ninjatrening. Kva er eigentleg vitsen, dei har jo uansett ingen slemmingar å slåst mot. Og Eberfrø omkom jo under mistenkjelege omstende i eit fengsel i Thailand. Ei ny, søt jente byrjar på skulen, men kven er ho eigentleg? Og kven er faren til Asbjørn? Og er Eberfrø eigentleg død? Svara på dette får du ikkje før du ser filmen Rutete Ninja 3. Kva med onkel Stewart, tenkjer du? Ingen grunn til uro: han er med. No i lakk og lær.

Aldersgrense: 12 år

Speletider

søndag, 25. januar
Litlesalen: 17:45 - 19:33
poster

Song Sung Blue

Ei musikalsk kjærleikshistorie med Hugh Jackman og Kate Hudson.

I Milwaukee finn Mike og Claire kvarandre. Saman blir dei Lightning and Thunder, eit tributeband med Neil Diamond som spesialitet.
Bli med på ei utruleg reise fylt med gripande suksess og djupe tragediar, basert på den sanne historia om Mike og Claire Sardina, gnistrande tolka av Hugh Jackman og Kate Hudson.

Aldersgrense: 9 år

Speletider

søndag, 25. januar
Kinosalen: 19:30 - 22:02
poster

Greenland 2: Migration

I kjølvatnet av eit kometnedslag som har utsletta det meste av jorda, følgjer GREENLAND 2: MIGRATION familien Garrity (Gerard Butler, Morena Baccarin og Roman Griffin Davis), som blir tvinga til å forlata tryggleiken i bunkeren sin på Grønland og kryssa ei øydelagd verd på leit etter ein ny heim.

Aldersgrense: 15 år

Speletider

onsdag, 28. januar
Kinosalen: 20:00 - 21:57
fredag, 30. januar
Kinosalen: 19:30 - 21:27
søndag, 01. februar
Kinosalen: 19:00 - 20:57
poster

Send Help

To kollegaer blir stranda på ei øde øy som dei einaste overlevande etter ein flystyrt. På øya må dei leggje tidlegare frustrasjonar til side for å kunne samarbeide om å overleve. Det blir ein urovekkjande og sardonisk kamp mellom viljestyrke og kløkt for å kome seg frå det med livet i behald

Aldersgrense: 15 år

Speletider

fredag, 30. januar
Litlesalen: 20:00 - 22:12
poster

Solomamma

Prisvinnande norsk drama med Lisa Loven Kongsli og Herbert Nordrum i hovudrollene.
Edith (Lisa Loven Kongsli) arbeider som journalist i Aftenposten og har valt å bli mor gjennom sæddonasjon. Når ho ein dag får vite identiteten til donoren, Niels (Herbert Nordrum), bestemmer ho seg for å oppsøkje han under dekke av å skulle intervjue han til ein reportasje.
Det som skulle vere eit raskt møte, utviklar seg gradvis til ei ekte tilknyting, og Edith søkk djupare inn i eit nett av løgner som set tilværet ho har bygd opp, i fare.

Aldersgrense: 9 år

Speletider

søndag, 01. februar
Litlesalen: 19:30 - 21:29
poster

Ustoppelig

Frå produsentane av Tre nøtter til Askepott kjem USTOPPELIG, ein actionfylt storfilm med dei minste heltane du nokon gong har sett!

Kaja er ei ustoppeleg lita celle som bur i nyra til ti år gamle Erik. Ho er nysgjerrig og modig, men har eit stort problem: Ho klarer ikkje å dele seg slik som alle dei andre cellene. Kaja er ei udeleleg og – i eigne auge – udugeleg celle.

Men ho nektar å gje opp og legg ut på ei farleg og fantastisk reise gjennom kroppen for å lære å dele seg. På vegen møter ho general Abel, sendt ut for å kjempe mot celler som spreier seg ukontrollert. Mot alle odds oppstår eit uventa venskap mellom dei.

Når Kaja forstår at kroppen til Erik er alvorleg sjuk, må ho ta eit val: Skal ho halde fram jakta på eiga lukke, eller gje alt for å redde Erik?

USTOPPELIG er eit uforgløymeleg eventyr fylt med håp, humor og hjartevarme. Ein film om verdien av å stå saman, uansett kva som prøver å stoppe oss.

Aldersgrense: 6 år

Speletider

onsdag, 04. februar
Kinosalen: 17:00 - 18:45
lørdag, 07. februar
Litlesalen: 12:30 - 14:15
poster

Kraken

Når ei bygd i Sognefjorden blir ramma av mystiske hendingar, blir marinbiologen Johanne Berge motvillig sendt til bygda for å undersøkje. Rare naturfenomen, merkelege lydar frå djupet og ei tragisk ulukke vekkjer mistanke om noko farleg som trugar fjorden. Medan Johanne kjempar mot både miljøøydeleggingar og si eiga fortid, må ho avsløre sanninga før skrekken frå djupet tek over.

Aldersgrense: 12 år

Speletider

fredag, 06. februar
Kinosalen: 19:30 - 21:35
poster

SvampeBob: Jakten på firkant

Hiv og hoi, snart er svampen vår!

SvampeBob er tilbake! Og han er ekstremt oppteken av å bli anerkjend som ein tøffing overfor Herr Krabbe. For å bevise motet sitt legg han ut på ei nautisk reise til havdjupet, for å løyse eit mysterium som involverer spøkelset til Den flygende hollender.

Aldersgrense: 6 år

Speletider

lørdag, 07. februar
Kinosalen: 12:00 - 13:56
poster

«Wuthering Heights»

Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem «Wuthering Heights», med Oscar-nominerte Margot Robbie i hovudrolla, saman med Bafta-nominerte Jacob Elordi.

Filmen er ei dristig og original nytolking av ei av dei største kjærleikshistoriene gjennom tidene, og er Fennell si eiga tolking av forteljinga frå romanklassikaren til Emily Brontë. Robbie og Elordi spelar eit par der den forbodne lidenskapen for kvarandre utviklar seg frå romantisk til rusande i eit episk drama om begjær, kjærleik og vanvit.

Aldersgrense: 15 år

Speletider

fredag, 13. februar
Kinosalen: 19:30 - 22:06
søndag, 15. februar
Kinosalen: 19:00 - 21:36
poster

Håndbok for superhelter

Supersuksessen «Håndbok for superhelter» er endeleg blitt film!

Lisa har nyleg flytta til byen Rosenhill og slit med å finne plassen sin. Men ein dag oppdagar ho ei handbok som lærer bort superkrefter. Ho blir superhelten Raude maske og greier å hindre tjuveriet av ein sjeldan mynt. Men når gangsterkongen i byen, Wolfgang, kidnappar ordføraren for å få tak i mynten, blir alt sett på spel. Kan Lisa samarbeide med dei som mobbar henne for å nedkjempe Wolfgang – før han stel ein 700 år gammal skatt som kan berge byen frå undergang?

Aldersgrense: 6 år

Speletider

lørdag, 14. februar
Kinosalen: 12:30 - 14:21