poster

Julenissens verksted

Bli med på ei eventyrleg reise på jakt etter Julenissens verkstad – ein film for heile familien, fylt med humor, kjende songar, ekte julestemning og ein julebodskap som vil varme i vinterkulda.

Då ni år gamle Mari vaknar ei natt og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein attgløymd nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein svært skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finne julenissen. Samstundes gjer Stompen, den vesle hjelparen til julenissen og eigaren av votten, alt han kan for å stoppe dei. For julenissens verkstad må ikkje bli oppdaga – det ville vore ein katastrofe!

Ferden går gjennom skog, over heiar og gjennom vakre vinterlandskap. Men utfordringane er mange. Dei må mellom anna kome seg forbi skogens vaktar, Kjerringa med staven, og kjempe seg gjennom ein frykteleg snøstorm.

Reisa er ikkje berre spennande – ho opnar også auga til familien for kvarandre. Til slutt innser dei kva den verkelege julemagi handlar om.

Gjer dåke klare for årets julefilm for heile familien, spekka med julestemning og kjende songar av Thorbjørn Egner, som «Kaptein Sorte Bill», «Dyrene i Afrika» og «Det snør, det snør» – framførte av nokre av landets fremste artistar, mellom andre Sissel Kyrkjebø.

Aldersgrense: Tillatt for alle

Speletider

søndag, 08. november
Kinosalen: 17:00 - 18:35
poster

Markens grøde

Hans Petter Moland bringar Knut Hamsuns udøyelege meisterverk Markens grøde til det store lerretet.

Den prisvinnande regissøren Hans Petter Moland filmatiserer Knut Hamsuns udøyelege meisterverk Markens grøde, med Herbert Nordrum (Verdens verste menneske) og Asta Kamma August (Hendelser ved vann) i hovudrollene.

Det er seinhaustes. Isak kjempar for å overleve i villmarka. Ein dag dukkar Inger opp over fjellet. Ut av eit møte i naud veks kjærleiken. I ein nådelaus natur kjempar Isak og Inger for å skape eit liv saman. Med kjærleiken som drivkraft byggjer dei opp garden Sellanraa frå ingenting. Når ei mørk løyndom kjem for dagen, blir kjærleiken sett på prøve.

I andre roller møter vi mellom andre Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo, Oddgeir Thune og Sjur Vatne Brean.

Filmen er basert på Hamsuns Nobelprisvinnande roman frå 1917, eit av dei viktigaste verka i norsk kulturhistorie. Dette er ei storslått forteljing om kjærleik og mennesket sin plass i den vakre og ubarmhjertige naturen.

Aldersgrense: 12 år

Speletider

søndag, 08. november
Litlesalen: 18:30 - 21:25
poster

Pensjonskuppet

Årets villaste komedie!

Etter 40 år med støvtørking og trufastheit får Annema (65) løna si: sparken som kone. Ektemannen Arne har funne seg ein yngre modell og kastar henne på dør. Saman med Nina, som er «for gammal» for arbeidslivet, og Mona, som er for blakk til å overleve, bestemmer trioen seg for å pensjonere seg frå lovlydigheita.

Dei planlegg eit umogleg kupp: å rane sjølvaste Oljefondet.

Ein ellevill komedie om ein høgst uoffisiell, men velfortent, førtidspensjon.

Aldersgrense: 9 år

Speletider

søndag, 08. november
Kinosalen: 19:00 - 21:10
poster

Ebenezer

Ei nytolking av Charles Dickens’ klassiske juleeventyr

Ei spennande spøkelseshistorie basert på Charles Dickens’ klassiske juleforteljing om Ebenezer Scrooge. Johnny Depp gjer comeback i rolla som den sure og gjerrige Scrooge, som får den dårlege oppførselen sin konfrontert av tre spøkelse som representerer fortida, notida og framtida hans.

Aldersgrense: 12 år

Speletider

fredag, 13. november
Kinosalen: 19:00 - 21:15
poster

Velkommen til familien

I Velkommen til familien spelar Oscar-nominerte Inga Ibsdotter Lilleaas Elisabeth, som bur saman med kjærasten Espen og jobbar som psykolog. Denne jula skal Elisabeth endeleg få møte familien til Espen i heimbyen hans, Kristiansand. Ho har sjølv ein litt trøblete familiebakgrunn, og håpar at den potensielle svigerfamilien skal vere varm og inkluderande. Men familien Dvergsnes er ikkje heilt slik ho hadde sett føre seg. Tvert imot er dei berre i stand til å småprate om praktiske ting, og unngår for all del alle tema som har med kjensler å gjere. På julaftan byrjar bestemora i familien å oppføre seg merkeleg. Når ingen vil snakke om det eller gjere noko med situasjonen, byrjar Elisabeth å lure på kven ho eigentleg er saman med.

Filmen er regissert av Even Hafnor og er basert på hans eigen Gullstol-vinnande kortfilm Small Talk. Historia har òg blitt framført som teaterstykke kvart år i heimbyen hans, Kristiansand. Bortsett frå Lilleaas består rollelista berre av amatørskodespelarar, mellom dei Hafnor sine eigne foreldre.

Aldersgrense: 9 år (passer ungdom/voksen)

Speletider

fredag, 13. november
Litlesalen: 19:30 - 21:25
poster

The Hunger Games: Sunrise on the Reaping

HUNGER GAMES er tilbake på arenaen, der unge Haymitch blir vald ut til å representere Distrikt 12 i den andre Quarter Quell.

Sunrise on the Reaping er den nyaste forhistoria i Hunger Games-sagaen. Handlinga går føre seg 24 år før hendingane i den originale trilogien om Katniss Everdeen, og rundt fire tiår etter forteljinga i The Hunger Games: The Ballad of Songbirds & Snakes.

Historia handlar om det skjebnesvangre året då Haymitch Abernathy, den framtidige mentoren til Katniss og Peeta, blir vald ut til å delta i den andre Quarter Quell – ei hending som endrar spelereglane for dødsleikane dramatisk.

I staden for dei vanlege to deltakarane frå kvart distrikt skal kvart distrikt denne gongen sende fire. Det betyr heile 48 deltakarar på arenaen – det høgaste talet i Panems historie, dobbelt så mange offer og endå mindre sjanse for å overleve.

Aldersgrense: 12 år

Speletider

onsdag, 18. november
Kinosalen: 19:00 - 21:58
poster

Avengers: Doomsday

I Avengers: Doomsday frå Marvel Studios må heltar frå tre ulike universer samlas for å stå opp mot ein eksistensiell trussel ulikt noko anna.

Aldersgrense: tba

Speletider

onsdag, 16. desember
Kinosalen: 19:00 - 22:05
poster

Dune: Part Three

Alt har ført fram til dette augeblikket.

Warner Bros. Pictures og Legendary Pictures presenterer DUNE: PART THREE, den episke avslutninga på den Oscar-nominerte filmskaparen Denis Villeneuves prisbelønte trilogi.

DUNE: PART THREE går føre seg nesten to tiår etter at Paul Atreides tok kontroll over imperiet. Som ein omsynslaus keisar må Paul møte konsekvensane av sitt eige styre, når gamle allierte vender tilbake, skremmande nye truslar dukkar opp, og svik lurer i skyggjene.

Hjemsøkt av syner om imperiets samanbrot og at den tapte kjærleiken hans vender tilbake, blir Paul dregen inn i ein omfattande konspirasjon, med Chani i sentrum av mysteriet. Med opprør på veg og fiendar som nærmar seg, må Paul konfrontere den verkelege prisen for makt – og lagnaden til dei han elskar høgast.

På rollelista finn vi dei Oscar-nominerte skodespelarane Timothée Chalamet, Florence Pugh og Charlotte Rampling, saman med Zendaya, Jason Momoa, Rebecca Ferguson, Isaach de Bankolé, Anya Taylor-Joy og Robert Pattinson, samt Oscar-vinnaren Javier Bardem.

Aldersgrense: tba

Speletider

onsdag, 16. desember
Litlesalen: 19:30 - 22:20