poster

Skakkekoret – Strong women

Gjer deg klar for ein kveld fylt med kraft, musikalitet, energi og sterke kvinner!

Skakkekoret inviterer til storkonsert med eit repertoar som hyllar nokre av dei mange sterke kvinnelege artistane som har sett spor etter seg – gjennom store stemmer, sterke tekstar og musikk som både rører og begeistrar.

Det blir kjende og kjære songar frå ulike sterke kvinnelege artistar, framført av Skakkekoret saman med eit fantastisk liveband. Her får du både kraftfulle låtar, vakre melodiar og kanskje nokre overraskingar undervegs!
Ta med deg vennegjengen, familien eller nokon du er glad i – og bli med på ein konsertkveld med skikkeleg girl power!

Kategori: KONSERT

Speletider

fredag, 30. oktober
Kinosalen: 19:30 - 21:00
tirsdag, 03. november
Kinosalen: 19:30 - 21:00
poster

Den store kinodagen

DEN STORE KINODAGEN – 7. NOVEMBER!
Gjer deg klar for ein heildag med kino, aktivitetar, konkurransar, mat, familie og vener!
Laurdag 7. november blir det liv og røre på Skakke frå morgon til kveld – og her er det berre å ta med seg heile gjengen!
Alle kinofilmar til HALV PRIS!
Masse aktivitetar og konkurransar
God mat og noko godt i kiosken
Moro for både store og små
Ta med familie, vener og alle du kjenner!

11.00:Katten med hatten (førpremiere)
11.30:Sauen Shaun – Gårdens fårbannelse
13.30:Julenissens verksted (Premiere)
14.00:Monster Mia
15.30:Hvis ingen går i fella (Ønskereprise)
16.00:Mysteriepakken
17.45:Pensjonskuppet
18.15:En nasjon i sjakk
20.30:Clayface
21.00:Charlie Harper (Førpremiere)

Kategori: Kino

Speletider

lørdag, 07. november
HEILE HUSET: 09:00 - 23:00
poster

Erika Fatland: Ukraina – en vinterreise

Erika Fatland har hatt eit nært forhold til Ukraina sidan ho første gong vitja landet for 25 år sidan. No har ho tilbrakt ein lang vinter saman med eit folk i krig. Ei personleg reiseskildring frå den bestseljande forfattaren bak Sjøfareren.

Ein leiketøyseljar som er blitt dronepilot, ein kunstnar som under nattlege bombeåtak roer nervane ved å måle peonar, ei ung krigsenkje som har teke mannen sin plass ved fronten.
Erika Fatland har reist gjennom Ukraina i den kaldaste vinteren landet har opplevd på 16 år. Ukraina. Ei vinterreise gir oss nære og rørande møte med soldatane som kjempar ved Europas frontlinje, og med menneske som prøver å leve eit heilt vanleg liv i krigstid.
Den prislønte forfattaren av Sjøfareren, Høyt, Grensen og Sovjetistan er tilbake med ei gripande reiseskildring om eit folk som ikkje let seg knekke.

Erika Fatland er mellom Noregs mest lesne og hylla sakprosaforfattarar. Sjøfareren var den mest selde boka i landet i 2024 og fekk den høgthengande Bokhandlerprisen. Reiseskildringane Sovjetistan (2014), Grensen (2017) og Høyt (2020) er omsette til 26 språk.

Kategori: Foredrag

Speletider

mandag, 09. november
Kinosalen: 19:00 - 20:15
poster

Konsert med Rossman – flytta til 2027

Ny dato kjem snart.

Rossman er ein norsk skatt av ein visesongar som må opplevast live. Kjem du?

Nå står han heilt åleine på scena, med gitaren og kofferten full av nye songar og historiar. Det blir ei blanding av gode historiar og konsert, med mykje humor undervegs. Men det er måten Rossman knyter saman det lyse og det mørke på som gjer konsertane hans til noko heilt eige.

Med det nye albumet sitt «Høstmusikk» viser Rossman fram ei ny og nærare side av seg sjølv. Med dei unike lyriske evnene sine set han ord på både dei små og store utfordringane i kvardagen. Saman med produsent Mikhael Paskalev (Jonas Alaska, Billie Van, RickGrove) har Rossman funne fram til eit rolegare uttrykk enn vi har høyrt frå han tidlegare – med ein vokal som er meir formidlande og nedpå enn før, og eit lydbilete som er varmt og nært.

Nå tar han turen til oss med nye songar, historiar og masse humor i kofferten. Velkomen!
Frå 18-20 vert det servert tacobuffet i foajeen (Kjøp billett som inkluderer servering), samt open bar.
Pubkveld etter konserten!

Kategori: KONSERT

Speletider

lørdag, 14. november
Kinosalen: 20:00 - 21:00
poster

Terje Vigen og Ibsens smådjevler

Om Terje Vigen og Ibsens smådjevelar
Etter 50 år i teateret, og med 18–20 Ibsen-rollar på merittlista – dei fleste ved Nationaltheatret – tek Per Egil Aske oss med på ei reise gjennom nokre av høgdepunkta i Ibsens lyrikk og dramatikk. I den første delen av framsyninga byr han på De smaa Djevle, som Ibsen sjølv kalla dikta sine, samt nokre smakebitar frå Peer Gynt. I den andre delen framfører han det gripande langdiktet Terje Vigen. Alt blir bunde saman av mellomtekstar om Ibsens research- og innsamlingsarbeid i Noreg, kombinert med Askes eigne refleksjonar over eit langt skodespelarliv med Ibsen på repertoaret.

Kategori: TEATER

Speletider

torsdag, 19. november
Kinosalen: 19:00 - 20:10
poster

Anne-Kat. Hærland – Don`t panic 2.0

NY DATO!!
Ein oppdatert guide til kunstig intelligens.

«Don´t panic er relevant, modig, velskrive, morosam, opplysande og djupt original. Det er alt ein kan be om av ei moderne sceneforestilling. Derfor fortener den terningkast 6,» skreiv SN avis.
Nå er Anne-Kat. Hærland tilbake med ein oppdatert guide til kunstig intelligens, eit år etter det første sceneshowet sitt om KI i Oslo.

Anne Kat Hærland har fordjupa seg i kunstig intelligens i over tre år og har opparbeida seg omfattande kunnskap om temaet. I tillegg til å vera seniorkonsulent for Nora.ai er ho ein ettertrakta foredragshalder om temaet.
Nå er ho på nytt klar for å dela fascinasjonen og innsikta si frå scenekanten på ein måte berre Anne-Kat. kan. Dette er ei forestilling du ikkje vil gå glipp av – ei uforgløymeleg reise gjennom den fascinerande verda av kunstig intelligens, presentert med Anne-Kat. sin unike blanding av humor og skarp observasjon.

Kategori: Standup

Speletider

fredag, 20. november
Kinosalen: 20:00 - 21:15
poster

VitenShitShow – med Dennis Siva og Stian Sandø

Opplev det forrykande showet til Dennis Siva og Stian Sandø!

I ei årrekkje har dei fenga barn og unge med sitt sprudlande og lærerike sceneshow.
Her får du det beste – og det morosamaste – frå TV! Showet er ein festleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring.

Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og energisk formidlar. Han studerte biologi ved UiO, og med sterk lidenskap for klima og natur tek han med seg eit brennande engasjement inn i både føredrag og show. Han debuterte som programleiar for NRK i 2019 i det populærvitskaplege programmet Newton, og har sidan leia Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet. Med kombinasjonen av underhaldning og læring har han vunne både Emmy og Gullrute.

Stian Sandø er programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han har studert Computer Science og Electrical Electronics ved NTNU, og er grunnleggjar eller medeigar i fleire selskap, mellom anna D-SCOR, Flare og Nerdekollektivet. Frå NRK kjenner mange han frå Newton, Sommeråpent og Unormal.

Kategori: show

Speletider

lørdag, 21. november
Kinosalen: 14:00 - 15:00
poster

Julemesse på Skakke

Påmeldinga til årets julemesse er open! Me ønsker gamle og nye utstillerar velkomne til oss.
Påmelding og meir info får de ved å kontakte Ingvild på mail: kino@skakke.no

Kategori: MESSE

Speletider

lørdag, 28. november
Storsal: 11:00 - 15:00
poster

Juleshow med turngruppa

Første søndag i advent inviterar turngruppa til årets juleshow!
I år er temaet «Etnebygda» og me gler oss til eit show fylt av kreativitet og turnglede!
Etter showet blir det basar med kaker, kaffi og mulighet for å vinna flotte perimar på lodd og bok.
Håpar å sjå deg!

Kategori: IDRETT

Speletider

søndag, 29. november
Idrettshall ny: 14:00 - 16:00
poster

Erlend Gunstveit – A very Nashville Christmas

Erlend Gunstveit tek med seg Nashville heim til jul
Den Spellemann-nominerte countryartisten Erlend Gunstveit er busett i Nashville – og denne jula tek han med seg dei to Nashville-musikarane Nathalya Kay (fele) og Josh Karas (keys) heim på juleturné i Noreg med programmet «A Very Nashville Christmas».
På juleturneen møter publikum Erlend i front for trioen sin. Med den unike stemma si og eit sterkt engasjement for formidling tek han publikum med gjennom klassiske norske og amerikanske julesongar og smakebitar frå det nye albumet. Låtane blir bundne saman av historiene bak dei, og publikum får eit innblikk i livet som låtskrivar, musikar og artist i Nashville.
Dette blir ein varm og stemningsfull førjulskveld – musikalsk forankra i Amerika, med kjende og kjære norske tradisjonar.
Om Erlend Gunstveit
Erlend Gunstveit voks opp på Sørlandet og arbeidde som anleggsgartnar før musikken tok over for alvor.
I 2021 vann han The Voice Norge – som den første countryartisten til å vinne ein norsk TV-konkurranse i sjangeren.
Gjennom hardt arbeid i Nashville har Erlend jobba med musikarar og produsentar og spelt på ikoniske konsertscener som Bluebird Cafe, Station Inn og Third & Lindsley, for å nemne nokre.
Etter fleire år med store opplevingar i USA – sist med opptredenar under CMA Fest i Nashville i juni 2026, og opptredenar på stadion i Boston, New Jersey og Miami før Noregs kampar under fotball-VM i juli – er det nok av inntrykk og opplevingar å dele frå scena.

Kategori: KONSERT

Speletider

fredag, 18. desember
Kinosalen: 19:00 - 20:20
poster

Fra Vikingtokt til Jappetid – norsk drikkehistorie med Knut Bjørnar Asphol

Fra vikingtokt til jappetid

Smak deg gjennom norsk historie – frå mjød til champagne.

I «Frå vikingtokt til jappetid» inviterer Knut Bjørnar til ei sansereise gjennom 1000 år med smak, kultur og forteljingar. Frå vikingenes mjød og heimebrygga øl til akevittens gjennombrot og jappetidas champagne – kvart glas speglar eit nytt kapittel i historia om Noreg.

Kva skjedde då bøndene nekta å bryggje øl? Korleis var akevitten med på å endre landet? Og kvifor vart klippfisken årsaka til at vi fekk Vinmonopolet?

Vi smakar oss gjennom epokane med mjød, sider, øl, akevitt, portvin og champagne – nøye utvalde for å spegle historia vi får høyre. Med levande historieforteljing, humor og musikalske innslag gjer Knut Bjørnar kvart tidsbilete nært og ekte. Det blir ei oppleving for både gane og hovud.

Ei kveld for deg som er nysgjerrig på norsk kultur, glad i gode historier – og ikkje minst, gode smakar.

Knut Bjørnar Asphol

Som gitarist, komponist og produsent kombinerer Knut Bjørnar Asphol den lange erfaringa si frå musikkbransjen med bakgrunnen sin som sommelier og vinjournalist. Kunnskapen hans om vinhistorie og generell historie dannar grunnlaget for ei framsyning der formidling og underhaldning går hand i hand.

Han har produsert og spelt for ei rekkje profilerte artistar – mellom andre Alexander Rybak, Hanne Krogh, Helene Bøksle, Erlend Gunstveit og Knut Anders Sørum – og har vore involvert i over 500 utgjevingar. Han er Spellemannprisvinnar og har gitt ut ti eigne album.

Ved sida av musikken skriv han om vin på musicandwine.no.

Kategori: KONSERT

Speletider

fredag, 22. januar
Kafeteria: 19:00 - 21:00