lørdag, 09. mai

12:00
Bamse og havets hemmelighet
Litlesalen
poster

Noko merkeleg går føre seg i havet utanfor Småköping. Sjølv om vêret er strålande, reiser store bølgjer seg og skyl inn over hamna og den vesle byen. Kva er det som skaper så kraftige bølgjer at båtane blir kasta på land og sjørøvarane hamnar i toppen av eit tre?

Samtidig, i barnehagen Eken, prøver Mini Hopp seg på fiolinspel. Det går ikkje særleg bra – lyden skjer i øyra, og ingen synest det høyrest fint ut. Alle berre ler. Aldri har Mini Hopp kjent seg så åleine som når han trist ruslar ned mot vatnet, sparkar i grusen og stiller seg ytst på ei klippe for å vere i fred med fiolinen sin.

Men akkurat idet han let bogen gli over strengene, byrjar vatnet under klippa å boble – og noko enormt stig opp frå havet.

Aldersgrense: Alle

søndag, 10. mai

15:00
Krølle Bølle
Kinosalen
poster

Herleg blanding av animasjon og spelefilm, i eit sommarleg og festleg eventyr for rampetroll i alle aldrar.

Krølle Bølle bur trygt under jorda på Bornholm saman med familien sin og alle dei andre trolla. Her er livet fullt av flaggermusflyging, hulefestar – og reglar, massevis av reglar. Særleg éin regel må aldri brytast: Ein må ikkje gå opp til overflata, for menneske er farlege.
Men Krølle Bølle er ein liten ramp som ikkje heilt forstår kvifor ein treng alle desse reglane. Då det brått byrjar å buldre der oppe, klarer han ikkje å dy seg – han snik seg opp mot menneskeverda for å finne ut kva som skjer. Lillesyster Borra følgjer etter.
Det som starta som ein uskuldig rampestrek for dei to, utviklar seg raskt til eit storslått eventyr – fylt med farar, magi og opplevingar større enn noko Krølle Bølle nokon gong har kunna drøyme om!

Aldersgrense: Alle
15:30
Bamse og havets hemmelighet
Litlesalen
poster

Noko merkeleg går føre seg i havet utanfor Småköping. Sjølv om vêret er strålande, reiser store bølgjer seg og skyl inn over hamna og den vesle byen. Kva er det som skaper så kraftige bølgjer at båtane blir kasta på land og sjørøvarane hamnar i toppen av eit tre?

Samtidig, i barnehagen Eken, prøver Mini Hopp seg på fiolinspel. Det går ikkje særleg bra – lyden skjer i øyra, og ingen synest det høyrest fint ut. Alle berre ler. Aldri har Mini Hopp kjent seg så åleine som når han trist ruslar ned mot vatnet, sparkar i grusen og stiller seg ytst på ei klippe for å vere i fred med fiolinen sin.

Men akkurat idet han let bogen gli over strengene, byrjar vatnet under klippa å boble – og noko enormt stig opp frå havet.

Aldersgrense: Alle
17:00
Sauedetektivene – norske tale
Kinosalen
poster

Me snakker norsk!
Ei fårete forteljing for heile familien!
Sauedetektivane er ein morosam og spennande film for heile familien. Vi følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer spor og hint i time etter time.
Når den kjære George brått døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkje er ei ulukke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge irske enga for aller første gong. No må dei bruke all kløkta og samarbeidsevna si for å løyse mysteriet og redde familien sin! 🐑🔍

Aldersgrense: 6 år
17:30
Super Mario Galaxy filmen
Litlesalen
poster

Mario og Luigi begir seg ut på ei reise i verdsrommet, og utforskar nye kosmiske verdenar og utfordringar langt frå Soppriket dei kjenner.

Aldersgrense med begrunnelse: 6 år (passer for Barn)
Denne filmen inneholder flere actionscener med dramatiske innslag. Grunnstemningen er lett og humoristisk. Anbefales ikke til barn under 6 år.

Aldersgrense: 6 år
19:30
The Devil Wears Prada 2
Kinosalen
poster

The Devil wears Prada 2 tek opp tråden nesten 20 år etter originalen og følgjer ei eldre Miranda Priestly (Meryl Streep) som navigerer i ei ny og utfordrande tid for motebransjen, der tradisjonelle medium står overfor enorme endringar. Miranda må handtere at posisjonen hennar som ubestridd motedronning blir utfordra. Ho må samarbeide med den tidlegare assistenten sin, Emily Charlton (Emily Blunt), som no er ein mektig leiar i eit motekonglomerat.

Aldersgrense: Tillatt for alle, anbefalt ungdom/voksen
20:00
Sauedetektivene – originalversjon (engelsk tale, norsk tekst)
Litlesalen
poster

Ei fårete forteljing for heile familien!
Sauedetektivane er ein morosam og spennande film for heile familien. Vi følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer spor og hint i time etter time.
Når den kjære George brått døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkje er ei ulukke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge irske enga for aller første gong. No må dei bruke all kløkta og samarbeidsevna si for å løyse mysteriet og redde familien sin! 🐑🔍

Aldersgrense: 6 år

søndag, 17. mai

11:00
17. maifeiring på Skakke
Skakke
poster

Foreløpig program for dagen

11.00: Dørene opnar på Skakke
11.30: Kafè med sal av pølser, kaker, kaffi, is og brus (inne/ute)
12.00: Toget går frå Etne kyrkje
12.30: Middagsservering i kafeèn
12.30: Leikar for alle (inne/ute)
13.00: Program i kinosal/ute
14.00: Traktortog
14.30: Gratiskino

Arrangementet er væravhengig. Ved fint vær brukar me Skakkeringen og området rundt. Ved dårleg vær er me inne på Skakke

Kategori: FEST
14:30
Shrek (2001)
Kinosalen
poster

Det er 25 år sidan den fyrste filmen om Shrek gjekk på kino, og det feirer me med GRATISKINO på nasjonaldagen!
Shrek er ein animert komedie om det store, grøne trollet Shrek som lever eit fredeleg og isolert liv i sumpen sin. Roa blir broten når den onde og trongsynte Lord Farquaad forviser ei rekkje eventyrfigurar (som Pinocchio, Askepott og dei tre små grisane) frå riket sitt og inn på Shrek sin eigedom.

For å få attende stilla i sumpen, inngår Shrek ein avtale med Lord Farquaad: Shrek skal redde prinsesse Fiona, som Farquaad ønskjer å gifte seg med for å bli konge. Med på ferda blir det pratsame og uimotståelege Eselet.

Ferda går til eit slott vakta av ein eldsprutande drake. Shrek reddar Fiona, men det oppstår komplikasjonar når prinsessa og trollet forelskar seg i kvarandre, samstundes som Fiona skjuler ei mørk løynd som vil forandre livet deira for alltid.

ps: Neste år kjem ein splitter ny film om den grøne skapningen på kino 🙂

Aldersgrense: 6 år

tirsdag, 19. mai

12:30
Sauedetektivene – originalversjon (engelsk tale, norsk tekst)
Litlesalen
poster

Ei fårete forteljing for heile familien!
Sauedetektivane er ein morosam og spennande film for heile familien. Vi følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer spor og hint i time etter time.
Når den kjære George brått døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkje er ei ulukke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge irske enga for aller første gong. No må dei bruke all kløkta og samarbeidsevna si for å løyse mysteriet og redde familien sin! 🐑🔍

Aldersgrense: 6 år

onsdag, 20. mai

19:30
The Mandalorian and Grogu (2D Dolby vision, Original tale, Norsk tekst)
Litlesalen
Aldersgrense: 12 år
19:00
Kenny Dalglish
Kinosalen
poster

I denne dokumentaren fortel Kenny sjølv historia om livet sitt og karrieren sin, saman med kona si Marina og dei næraste venene sine frå fotballen. Gjennom omfattande arkivmateriale – inkludert tidlegare usette personlege opptak – teiknar Kapadia eit nært portrett av ein stor spelar og ein vittig, audmjuk helt for Liverpool og fotballverda.
Med ferdigheiter, styrke, eleganse og skarp humor vart skotten eit ekte ikon i sporten. Han spelte for Celtic og Liverpool FC gjennom ein strålande 22 år lang spelar­karriere. Åra i Liverpool, der han både var ein nøkkelspelar og seinare spelar-manager, vart den mest suksessrike perioden i klubben si historie. Dalglish tok òg over som manager i den mest traumatiske tida i klubben si historie.
Breitt rekna som ein av klubben og Europa sine største spelarar, viser filmen korleis Kenny Dalglish vart eit ikon i Liverpool – like mykje for det han gjorde utanfor bana som på. I ei tid der moderne fotball i aukande grad er prega av pengar, makt og kontroversar, framstår historia om Dalglish som noko sjeldan: forteljinga om ein mann med djup integritet, som forstod kva ein fotballklubb tyder for eit lokalsamfunn – og som forsvarte han av heile sitt hjarte.
«Eit must for alle sportsfans»

Aldersgrense: 6 år

fredag, 21. august

19:30
Kveldsdrøs
Kinosalen
poster

Kveldsdrøs
Etnemarknaden sitt eige talkshow! Samtalar med lokalt kjende personar, leia av vår eminente vert Alf Østrem. 4 spennande gjester er klar for ein koseleg prat på scenen i kinosalen. Følg med for å få med deg kven som kjem dette året. Det blir pub i foajeen både før og etter showet. Me ser fram til å sjå deg i salen!

Fredag 21. august kl. 19.30

Kategori: Kulturarrangement

tirsdag, 08. september

19:30
Slow Gardening ved Karin Weslien
Litlesalen
poster

Slow gardening er hagefilosofien som gir ein stressfri hagekvardag, utan krav og prestasjonspress. Dette er eit inspirasjonsføredrag som mellom anna tek opp mental helse, skaparglede og berekraft. Vi lærer om dei viktigaste prinsippa og grepa som trengst for å kunne nyte hagelivet med låge skuldrer. «Langsam haging» kan tilpassast alle hagestilar og interesser, og gir stor meirverdi – både for hagen, kloden og hageeigaren sjølv.

Kategori: Foredrag

tirsdag, 06. oktober

19:30
Linda Eide Språksjov
Kinosalen
poster

Me kjenner henne frå tv-programmet Eides språksjov. Nå går Linda Eide laiv, og dreg på turné! Det blir infotainment for alle penga når Linda i kjent stil hyllar og herjar med språket vårt, akkompagnert av både pianist og seniorkonsulent.

Velkommen til anekdoter, pensum, musikk, ettertanke, og rett som det er berre blott til lyst!

————–

Linda Eide – Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth

Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt

Halvor Folgerø – seniorkonsulent med fagott og bass

Kategori: show

lørdag, 24. oktober

20:00
Oktoberfest med UL Fram
Storsal
poster

Saman med UL Fram arrangerer me Oktoberfest på Skakke, laurdag 24. oktober!
Meir info kjem, hold av datoen 🙂

Kategori: FEST

lørdag, 07. november

09:00
Den store kinodagen
HEILE HUSET
poster

Kinomagi, aktivitetar, konkurransar.
Den store kinodagen byr på mykje moro for heile familien – Heile dagen.
Og best av alt: Halv pris på billetten

Kategori: Kino

mandag, 09. november

19:00
Erika Fatland: Ukraina – en vinterreise
Kinosalen
poster

Erika Fatland har hatt eit nært forhold til Ukraina sidan ho første gong vitja landet for 25 år sidan. No har ho tilbrakt ein lang vinter saman med eit folk i krig. Ei personleg reiseskildring frå den bestseljande forfattaren bak Sjøfareren.

Ein leiketøyseljar som er blitt dronepilot, ein kunstnar som under nattlege bombeåtak roer nervane ved å måle peonar, ei ung krigsenkje som har teke mannen sin plass ved fronten.
Erika Fatland har reist gjennom Ukraina i den kaldaste vinteren landet har opplevd på 16 år. Ukraina. Ei vinterreise gir oss nære og rørande møte med soldatane som kjempar ved Europas frontlinje, og med menneske som prøver å leve eit heilt vanleg liv i krigstid.
Den prislønte forfattaren av Sjøfareren, Høyt, Grensen og Sovjetistan er tilbake med ei gripande reiseskildring om eit folk som ikkje let seg knekke.

Erika Fatland er mellom Noregs mest lesne og hylla sakprosaforfattarar. Sjøfareren var den mest selde boka i landet i 2024 og fekk den høgthengande Bokhandlerprisen. Reiseskildringane Sovjetistan (2014), Grensen (2017) og Høyt (2020) er omsette til 26 språk.

Kategori: Foredrag

fredag, 20. november

20:00
Anne-Kat. Hærland – Don`t panic 2.0
Kinosalen
poster

NY DATO!!
Ein oppdatert guide til kunstig intelligens.

«Don´t panic er relevant, modig, velskrive, morosam, opplysande og djupt original. Det er alt ein kan be om av ei moderne sceneforestilling. Derfor fortener den terningkast 6,» skreiv SN avis.
Nå er Anne-Kat. Hærland tilbake med ein oppdatert guide til kunstig intelligens, eit år etter det første sceneshowet sitt om KI i Oslo.

Anne Kat Hærland har fordjupa seg i kunstig intelligens i over tre år og har opparbeida seg omfattande kunnskap om temaet. I tillegg til å vera seniorkonsulent for Nora.ai er ho ein ettertrakta foredragshalder om temaet.
Nå er ho på nytt klar for å dela fascinasjonen og innsikta si frå scenekanten på ein måte berre Anne-Kat. kan. Dette er ei forestilling du ikkje vil gå glipp av – ei uforgløymeleg reise gjennom den fascinerande verda av kunstig intelligens, presentert med Anne-Kat. sin unike blanding av humor og skarp observasjon.

Kategori: Standup

lørdag, 21. november

14:00
VitenShitShow – med Dennis Siva og Stian Sandø
Kinosalen
poster

Opplev det forrykande showet til Dennis Siva og Stian Sandø!

I ei årrekkje har dei fenga barn og unge med sitt sprudlande og lærerike sceneshow.
Her får du det beste – og det morosamaste – frå TV! Showet er ein festleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring.

Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og energisk formidlar. Han studerte biologi ved UiO, og med sterk lidenskap for klima og natur tek han med seg eit brennande engasjement inn i både føredrag og show. Han debuterte som programleiar for NRK i 2019 i det populærvitskaplege programmet Newton, og har sidan leia Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet. Med kombinasjonen av underhaldning og læring har han vunne både Emmy og Gullrute.

Stian Sandø er programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han har studert Computer Science og Electrical Electronics ved NTNU, og er grunnleggjar eller medeigar i fleire selskap, mellom anna D-SCOR, Flare og Nerdekollektivet. Frå NRK kjenner mange han frå Newton, Sommeråpent og Unormal.

Kategori: show

lørdag, 28. november

11:00
Julemesse på Skakke
Storsal
Kategori: MESSE